STORTINGSPRESIDENT
JØRGEN LØVLANDS TALE TIL KONGE,
STORTING
OG REGJERING I RIKSFORSAMLINGENS SAL
PÅ
EIDSVOLL
Majestæt!
Mine herrar, tingmennar og riksraader!
Kjære medborgarar!
Her og idag for
100 aar sidan sette det norske folket seglet under den grunnlovi,
som var ferdug dagen fyrr,
med aa velja sin eigjen konge og dermed kunne gjera
for al verdi, at no stod Norigs
gamle rikje atter fullskjipa
og tok romet sit att millom dei sjølvstendige,
frie og sjølvstyrde rikje.
Her og idag.
Det var Norigs
store Magna Charta Libertatis,
som vart kunngjort av det suveræne folk.
Idag for 100 aar sidan.
Dette er den største og fagraste
minnestund me hev upplivt.
Me ser dei for oss idag
her i salen: Her stod Georg Sverdrup, der sat Christie og nedyver ben- karne sat
dei 110 andre folksens sendemennar.
Dei spyr:
Den arv me gav
dykk, — korleis hev Di vakta han, korleis
hev Di brukt han?
Og Gud skje lov! Me
kan hugheilt møta fram til reikneskap.
Liksom kong Christian Frederik og sidan Christie og hans Storting fekk berga grunnlovi gjenom dei store vandar og faarar i 1814, soleis hev folk og ting
sidan varna og verga
henne mot aatak, mot vrang» tyding og mot misbruk, og me
hev tekji burt dei telleggi og dei brigde ho fekk med unionen. So
grunnlovi av 17de mai er gjeldande
idag, er enno det store fridomsbrevet
for kongerikjet Norig.
Grunnlovi var som eit ungt og friskt tre med rik grokraft,
som Eidsvollstinget planta i Norigs
jord.
Og treet hev vakse.
Det fulle folkestyret hev kome fram i parlamentarismen
og i den aalmenne røysteret
for karmennar og kvenmennar.
So treet stend no med djupare og vidare røter, med sterkare stamme, med høgare og breidare kruna og med rikare blom og frukt.
Grunnlovi hev vakse seg saman
med folket og folket med henne. Og såman hev dei vakse baade
etter tidarhøvi.
President Sverdrup
sagde her: «Gjenreist er altså inden Norges enemerker
Norges gamle kongestol.»
Me veit at denne kongestolen um hausten
vart flutt ut av landet og sjeldan
ei kort stund var her heime, og me veit at somtid sette der seg ein
«unionskonge» i stolen og styr de rik j et «utan raad av norsk mann».
No er kongestolen flutt
heimatt til kongebyen ved Foldenfjorden, og i denne stund sit
Norigs konge med sit raad av norske mennar her i salen.
Det heile Eidsvollsverk,
grunnlovi og Norigs fulle sjølvstøda er livande, «so naar federne sjaa
at paa jordi, dei kann kjenna
sit folk og sit land.»
Men dagen er inkje
berre ein minnedag og ein
reikneskapsdag. Han talar sterkt og aalvorsamt um vaare
uppgaavur og vårt andsvar:
han kallar oss til aa akta
og varna Eidsvollsverket i dei komande tider og paa same tid rydja og dyrka, bøta og byggja rikjet til større magt og vyrdnad, til rikare folkelukka og
hugnad i alle heimar i by og bygd, so dei som møter her um 100 aar kan vitna um enndaa større vokstr og framgong
i alle leider.
Me takkar federne
for grunnlovi og me takkar dei for den tru og lit dei hadde til folket og til framtidi.
Dei trøystad allstøtt
til forsynet og til den retferduge sak. Deira tru er inkje sviki. Gud hev halde si hand yver
Noreg i 100 aar.
Gjøv anden fraa Eidsvollstinget altid maa vera livande
i det norske folket! Me samlar
oss i den gamle bøni:
Gud signe fedralandet!
Kilde:
Henta frå ”Menn og Minner frå 1905” Gyldendal. Torkjell
J. Løvland