Ikkje meldingarikkje utbetalingar frå Malm

 

 

 

Av Hornnes Vesthei beitelag  v/ formann Einar Uleberg, 4737 Hornnes

 

Innleiing: Hornnes Vesthei Beitelag er på adskillige km2 utmark hvor bøndene har sluppet beitedyra sine i århundrer. Dei seinare åra har me vore organisert som eit beitelag med felles kveer, saltslikesteiner og ettersyn. Tidligare var me 24 bønder - etter alle tapa og problema er me no nede i 6. Siste året forsvant 150 lam - for enkelte ca. 40%. Truleg meste rovdyrtap. Normaltap i flg. FMLA skulle være 2,5 - 3,5 %. Me har gjort alt som står i vår makt for å sjå etter dyra utan å redusere rovdyra som me gjorde før. Som dei fyrste på Agder samarbeidde me med styresmaktene og Universitetet i Oslo om ei undersøking - som synte at 40% av tapa var rovdyra skuld i: ørn og gaupe. No er det og bjørn, ulv og jerv i attåt - men inga forståing å få frå FMLA.

Det er stutt bakgrunnen for artikkelen under:

 

* * * * *

 

Ein undrar seg når ein ser at fylkesmiljøvernsjef  Malm (Aust Agder) etter eit  møte på mange timar på Byglandsfjord – finn trong for å gå ut med ei heilside i Setesdølen den 27.1.-04.  Her gjentek han det som vart understreka til det kjeisomlege  - at utan meldingar inga utbetaling. Ein opplever det mest som eit trugsmål – med pengeriset bak speglen. Han understrekar samspelet mellom forvaltning og politikarar. Framleis synes han å halde seg til at han ”hopper når statsråden sier hopp”  - i staden for å bruke eit godt skjøn innanfor heile det norske  rettsgrunnlag han kan halde seg til. Lat oss minna deg om at du er sett til å handheva retten for oss – ikkje ”hoppe” etter den statsråd som til ei kvar tid sit på krakken.

Og SNO sine folk må på ein heilt annan måte enn no - kunne slå fast når rovdyr har vært på ferde og erstatning bli gitt. Me opplever skadevurderingane so vilkårlege – at sjølv om M.avd. er meir liberal enn resten av landet – etter eige utsegn – så vert det likevel lita og synkande utbetaling frå Fylkesmannen. (FM) sjølv om alt tydar på at det har blitt meir rovdyr totalt sett. Me hadde og venta at tenestemenn - som er sett til å tene folket – hadde hatt meir syn for oss som no mest slit helsa og motet av oss for å verna om sauane våre og henta dei heimatt i månadvis med leiting – snart utan godtgjerdsle. Og når Paff frå FM seier seg samd i at alle ørnerevira i dalen er fulle – og likevel ikkje vil rekne skade av ørn for meir enn 1-2 år etter at ein har funne eit kadaver etter ørna – og ikkje gje oss årlege erstatninger med ca. 20% av tapa som dødsvarslarane til Mysterud viste i 1996 – då opplever med det som å verte halde for narr.

 

Når Malm no kritiserar bladstyraren for å vera usakeleg når han skriv at FM ”gler seg over eit regelverk dei kan nytte som ei svepe over folket” – så er i alle høve ikkje det langt unna den opplevinga me har av forvaltinga og situasjonen.

 

Det er og all grunn til å kritisere forvaltinga av rovviltet som FM har dreve på med i mange år no og utsett folk og dyr for store plager. Stortinget sa utrykkeleg frå i Roviltmelding nr 35 at gaupa skulle forvaltas so at Aust-Agder var ein buffer – slik at ho ikkje breidde seg vidare til Vest-Agder og Rogaland. No er det familiegrupper i båe fylka, avdi FM heile tida har halde på at det skal være ynglegrupper i Aust-Agder. Difor har med fått mykje gaupe i Hornnes Vesthei som drep dyra våre og transport inn i desse andre fylka. Med gaupa som er i AA og innvandring aust frå  - er det meir enn vanskjeleg å halde gaupa vekk fra nabofylka i vest. Attpå til vart det so mykje gaupe at populasjonen fekk skabb og mykje liding.

 

So omtaler Malm Universitetet i Oslo si grundige undersøking her i 1996 for eit ”forsøk - som viste større tap enn de andre forsøkene”. Å kalle den grundige vitskaplege undersøkinga til UIO for eit ”forsøk” og jamnstille det med ”forsøka” i Åmli – som han kaller det med god grunn – det er ei grov tilsniking. Det fyrste er utførd av folk med den største kompetanse me har på slikt vitskapleg arbeid i Noreg, medan dei to forsøka i Åmli kor ein blanda dødspeilesendarar og aktivitetssendarar synes amatørmessige. Der fekk ein nokre heilt vanvittige resultat – som endåtil – etter vårt syn – vart misbrukt på naturprogrammet i TV. Dei to forsøka vart kvalitetssikra av UIO Zoologisk avd. i ettertid – og konklusjonen var knusande. Dei kunne føre slikt arbeid i vannry og skulle ikkje vært gjort offentlege – sa komiteen ved UIO. Dette seier ikkje Malm! Kvifor? Han skriv ein del særs tåkete omtrentlegheiter – men den knusande kritikken av ”forsøka” teier han om.

Om Setesdølen gjev spalteplass – kan me gjerne offentleggjere heile vurderinga av UIO av Åmli ”forsøka”! Når ein seier at ein har kontakta forskar Ivar Mysterud om undersøkingane i Hægebostad  - og ikkje har meir å refere til enn reint muntleg samtale, vert det igjen tynt, tåket og omtrentleg. Råda til Mysterud gjeng klårt og greitt fram av den skriftlege evalueringa som ligg føre og all den litteraturen som er kome frå UIO. Har dei halde seg til dette i Hægbostad – som altså har fått tapstal som sterkt avvik frå alle dei tal som Mysterud og folka hans har fenge i minst ti undersøkingar over store delar av landet? Det er meir enn merkeleg at FMs undersøkingar får heilt andre resultat. Noko av svara finn ein kanskje i ”forsøka” dei driv med og som etter evalueringa ikkje synast å vera seriøst vitskapleg arbeid som dei kunne få hjelp til frå UIO om dei stilte vilje og midlar til disposisjon.

 

Lat det vere sagt til slutt, at tilliten til FM/MA no er tunnsliten og me ser oss rundt åt anna hald for å finne hjelp til å ta hand om husdyra våre, livsgrunnlaget og livsmiljøet vårt på ein tilfredsstillande måte. Me hadde ikkje venta ei slik handsaming av oss sjølv, eigedomane våre av Noregs tenestemenn.  Me trur at om ikkje FM tek skeia i ei anna hand får me snart ei utvikling her i dalen som den me har i Aurskog-Høland eller kring Hardangervidda – kor folket reiser seg mot forsøk og forvaltning med folkemakt.

 

 

Med helsing Hornnes Vesthei beitelag.

Einar Uleberg (formann), Helge Fossen, Magne Møllen, Tore Moseid,

Jan Hodne og Anders Sløgedal